Kva er miljødifferensiering?

Veronica Solås

Miljødifferensierte takstar betyr at dei som forureinar mest også skal betale mest i bomringen. Takstane som er fastsett skil på elbil, bensin/hybrid og diesel i takstgruppe 1.
I takstgruppe 2 vert det skilt på om kjøretøyet er sertifisert etter Euro VI-standard, eller Euro V eller eldre.

Er du usikker på kva miljøklasse kjøretøy ditt er er i, kan du sjekka det ved å søka opp kjøretøyet ditt i tenesta Køyretøyopplysningar på Statens vegvesen sine nettsider.

Vedtak om miljødifferensiering:
  • Den 01.10.17 blei det gjort eit nytt vedtak om miljødifferensierte takstar.
  • Vedtaket inneber at ein tek i bruk eit nytt takstsystem med tids- og miljødifferensierte bompengar. Det vil seie at ein deler køyretøy inn i klassar ut ifrå om dei er lette eller tunge, om dei har nullutslepp, er Euro VI eller Pre-Euro VI, eller om køyretøyet brukar diesel, bensin, gass eller etanol.
  • Det er miljøeffekten av utsleppa frå drivstoffet som avgjer kva for ein takst kvar einskild skal betale.
  • I tillegg skal det innførast rushtidsavgift i periodar der trafikken og luftforureininga er størst.
  • Ein skal kunne tilpasse bomtakstar i byområde ved å basere takstane på køyretøyet sine eigenskapar og når dei køyrer.
  • Samferdsledepartementet kan lage forskrift om å endre takstane når det er fare for overskridingar av luftforureining, og bestemme at inntekta kan bli brukt til tiltak for å få ned trafikken i den aktuelle perioden. Bruk av miljødifferensierte takstar må vedtakast av kommunane og fylkeskommunane dette vedkjem.
Kvar er dette innført?
  • 01.10.17 – Fjellinjen innførte som fyrste anlegg miljødifferensierte takstar
    – Dersom du passerer i Fjellinjen (Oslo/Bærum), blir du belasta takst ut ifrå køyretøyet sine eigenskapar og når du køyrer.
    – Oslo kommune planlegg òg lågutsleppssone for tunge bilar frå november i 2017.
  • 01.06.18 – Bomringen i Bergen innførte miljødifferensierte takstar.