Kva er tidsdifferensierte takstar?

Veronica Solås

Tidsdifferensierte bompengar vil seie at det er høgare takstar i rushtida enn resten av døgnet.

Bomringen i Bergen (Innføringa av rushtidsavgift starta den 1. februar 2016.)

  • Høgare takstar: Måndag til fredag i rushtida kl. 06:30 – 09:00 og 14:30 – 16:30
  • Lågare takstar: Måndag til fredag utanom rushtida, laurdag, søndag og helligdagar.

Bomringen i Kristiansand (Innføringa av rushtidsavgift starta den 16. august 2013.)

  • Høgare takstar: Måndag til fredag i rushtida kl. 06:30 – 09:00 og 14:30 – 17:00
  • Lågare takstar: Måndag til fredag utanom rushtida, laurdag, søndag og helligdagar.

 

Hovudmålet med tidsdifferensieringa er å redusere biltrafikken i dei periodane når trafikken er tettast og køproblema er størst. Ei demping av trafikken i morgon- og ettermiddagsrushet kan gi mindre utslepp, og dermed betre luftkvaliteten.

Takstane finn du under Sjå prisar og betalingsinfo