Kva for takstgrupper for køyretøy finst det?

Veronica Solås

Desse takstgruppene gjeld ved passering i bomstasjonar i Noreg:

Takstgruppe 1

Køyretøy med tillaten totalvekt til og med 3500 kilo, og alle bilar uavhengig av vekt i køyretøygruppe M1.
Tyngre bilar: For at køyretøy over 3500 kg i køyretøygruppe M1 skal inngå i takstgruppe 1, blir det stilt krav om elektronisk brikke og gyldig avtale.

Takstgruppe 2

Køyretøy med ei tillaten totalvekt frå og med 3501 kilo, med unnatak av bilar som er registrerte i køyretøygruppe M1.
Obligatorisk brikke: Køyretøy som er registrerte på føretak eller blir brukte i næringsverksemd må ha ei elektronisk brikke med gyldig avtale for takstgruppe 2.

Les meir om obligatorisk brikke for tunge køyretøy

Takstgrupper ved miljødifferensiering

I anlegg som nyttar miljødifferensiert takst kan det bli inntil fire ulike takstar for takstgruppe 1 og for takstgruppe 2.
Takstgruppe 1 deler vi inn i nullutslepp, hybrid som kan ladast, diesel og andre (bensin, gass, etanol osv).
Takstgruppe 2 deler vi inn i nullutslepp, hybrid som kan ladast, Euro VI og Pre-Euro VI.
Moped/motorsykkel betaler bompengar berre i den einaste manuelle bomstasjonen: Atlanterhavstunnelen, som nyttar eigne takstkategoriar.