Kvifor vert skilta ved bomstasjonane fjerna?

Veronica Solås

Det er Vegdirektoratet som avgjerd kva skilt som skal brukast, jfr. Skiltforskrifta § 35.

Vegdirektoratet har bestemt at på dei enkle bomringane skal berre bomstasjonar på hovedvegane inn til byen ha takstskilt, medan bomstasjonane i byar med meir kompliserte takstsystem og plassering av bomstasjonar (som Oslo, Bergen, Nord Jæren og Trondheim) skal vere heilt utan takstskilt.

Alle bomstasjonar som ikkje får takstskilt skal ha eit enkelt skilt med bomstasjonssymbolet 792.30 «Helautomatisk bomstasjon som passeres uten å stanse». Dette enkle skiltet (sjå under) er eit minimum for å informere trafikantane om at det skal betalast bompengar og at køyretøyets kjennemerke vert videofotografert.

Skiltinga i bomstasjonane i Bergen og Stavanger etterkjem den nye malen for skilting av automatiske bomstasjonar som er utarbeida av Vegdirektoratet.
Sjå dokumentet «Ny mal for skilting i bomstasjoner» PDF